Inviterer til broderistund på biblioteket
— Dette er for alle som er interessert eller nysgjerrig på brodering. Det er ope for alle og ein treng ikkje kunna noko ting. Det er eit tilbod for å treffa andre, seier initiativtakar til broderiprosjektet Guri Ravatn og bibliotekar Vanja Sandøy.
For dei som ikkje har eit broderi heime finst det materiell å få på biblioteket, og skulle det bli behov for litt hjelp i oppstarten står både Ravatn og ein tilsett ved biblioteket klar til å hjelpa.
Broderitilbodet, som har fått namnet Kultursting, har første samling 18. september. Deretter blir det treff ein gong i månaden.