Med framtidas landbruk på agendaen
— Eg vil ha ei inntekt der ein har nok å leva for, seier Anders Sølvberg etter å ha høyrt politikarane diskutera kva som skal til for å få eit levedyktig jordbruk i åra som kjem.
Odelsguten frå Etne er tydeleg på at det trengst både fleire og betre støtteordningar slik at bonden kan ta del i utviklinga vidare og driva eit jordbruk som både sikrar matforsyning, tek vare på miljøet og er berekraftig. Til det trengst det tilskot til mellom anna nye tekniske løysingar og dyrking av område som i dag ligg brakk.
Nye gjødselføreskrifter med krav til spreieareal, som trer i kraft om nokre år, er ei også noko den unge bonden ser på som ei utfordring.