Mariann Ellefsen Eikemo og Eivind Eikemo har bada dagleg i jettegryta dei oppdaga med døtrene på Eikemo i sommar. FOTO: MARIANN ELLEFSEN EIKEMO
Mariann Ellefsen Eikemo og Eivind Eikemo har bada dagleg i jettegryta dei oppdaga med døtrene på Eikemo i sommar.
Vilde og Mia Ellefsen Eikemo har funne stor glede av å bada i den nyoppdaga jettegryta i sommar. FOTO: PRIVAT
Vilde og Mia Ellefsen Eikemo har funne stor glede av å bada i den nyoppdaga jettegryta i sommar.
I den store kulpen er det mange som har bada opp gjennom åra. Lite visste dei at det befann seg ei sju meter djup jettegryte rett ovanfor dei. FOTO: PRIVAT
I den store kulpen er det mange som har bada opp gjennom åra. Lite visste dei at det befann seg ei sju meter djup jettegryte rett ovanfor dei.
Terje Solbakk, geolog ved NGU, synest jettegryta på Eikemo høyrest ut som eit flott funn. FOTO: Karl Jørgen Martinsen, NGU
Terje Solbakk, geolog ved NGU, synest jettegryta på Eikemo høyrest ut som eit flott funn.

Oppdaga skjult jettegryte

Med lågare vassføring og nysgjerrigheit fann familien Eikemo noko nytt på ein stad dei kjenner godt. Oppe i fossen fann dei ei stor jettegryte ingen har visst om før no.

Publisert Sist oppdatert

I sommar oppdaga Eivind Eikemo og familien ei stor jettegryte då dei ferierte på Eikemo. Heile oppveksten har han reist der om sommaren til onkelen og bestemora og seinare til familiehytta. Far hans vaks opp der, men sjølv er han busett i Porsgrunn med kona Mariann Ellefsen Eikemo og dei to jentene deira Vilde og Mia Ellefsen Eikemo. No har han ført tradisjonen vidare og reiser dit kvar sommar med sin eigen familie.

Fast badeplass

Om somrane har dei alltid bada i ein kulp i elva. Rett ovanfor kulpen har det vore ei ganske stor jettegryte, skjult på grunn av høg vassføring. Men på grunn av det nye vasskraftverket, og omtrent ingen snøsmelting, har vassføringa blitt betrakteleg mindre. Frå nedsida, der dei pleier å bada i ein stor høl, lurte Eivind Eikemo på kva som skjulte seg rett ovanfor. Det pirra nysgjerrigheita.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS