Bondemarknad i strålande sol – sjå bildeserie
Bondemarknaden i Etne har på få år utvikla seg til å bli ein av dei store møteplassane i bygda. Laurdag var heile området utanfor Etne senter og Coop Extra fylt med liv, då rundt 100 utstillarar stilte opp – ein solid auke frå dei 80 som deltok i fjor.
Dei to karane Kåre Haugen og Per Grindheim hadde berre positivt å seia om årets Bondemarknad.
— Det er ikkje noko anna å seia enn at dette er heilt topp, seier Kåre Haugen.