Bygdene spelte ei viktig rolle i skipsbygginga: — Bestilte skip fordi dei tente gode pengar
I Imslandsjøen låg det på 1870-talet to verft, såkalla verv. Det eine låg vegg i vegg med kyrkja, medan det andre låg lenger aust. Vervet ved kyrkja tilhøyrde Torjus Imsland, som i løpet av åra 1875 og 1876 bygde to skip. Det eine var skonnertbriggen Imsland», det andre eit skonnertskip med namnet Activ». Imsland» gjekk i fart på Vestindia, Sydamerika og Afrika og i 1886 var det ein tur innom Indonesia. I 1894 stranda skipet i Vestindia og blei vrak.
Skipet Activ» sprang lekk og gjekk ned under ein orkan i Biscaya i 1896, lasta med kol.
I dag er alle synlege spor etter vervet borte, men oldebarnet Theodor Imsland (80) kjenner godt til historia om oldefaren som bygde skip i fjøresteinane i heimbygda.