Kari Synnøve Velde Haugen
HaugenFOTO: Grethe Hopland Ravn
10 Kjappe
— Eg gler meg over strålande ungar som leikar og koser seg ilag
Kari Synnøve Velde Haugen (53) er vekas gjest i 10 kjappe.
— Kva er din favoritthobby— Tutla ute i hagen og på tunet, sjå til dyra og fiksa forskjellig. Med mange dyr og bygningar å ta seg av, er det greit at det definerast som ein slags hobby. Eg likar ellers å baka, plukka bær eller blomar, lese eller høyra på lydbok.
— Kor reiser du helst på ferie?
— På hytta i Sauda. Og det er veldig kjekt å oppleve nye land og kulturar, men det skjer ikkje så ofte. Me har mykje å gjere heime når det er ferie.