Tysvær
Fekk stjerner til breiddeløp
I løpet sprang deltakarane opp Bjørkebakken, òg kjend som Monsterbakken». T
idlegare fotballproff Markus Henriksen pådrog seg ei luftvegsinfeksjon i forkant av løpet, men tok likevel utfordringa med å slå kompis og kollega Håvard Nordtveit. Resultatet vart at Henriksen hamna på 19. plass, framfor Nordtveit som jogga inn til ein 67. plass.— Det er jo synd at eg vart såpass sjuk som eg var før løpet. Forma er heilt okei no, så eg skal i alle fall delta, men det vert nok ikkje det eg er kapabel til og ønskjer å springa på, sa Henriksen i forkant av løpet.
Han kom til Skjoldastraumen saman med fleire kollegaer i agentselskapet Player Solution fredag.