Senterleiar Elisabeth Brekke Førland hadde lenge døra på gløtt for oppstart av utbygginga i dag. No blir ho lukka fram til januar. Foto: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
Senterleiar Elisabeth Brekke Førland hadde lenge døra på gløtt for oppstart av utbygginga i dag. No blir ho lukka fram til januar.

Tysvær

Må utsetje utbygging av Aksdal Senter til januar: – Tryggleiken først

Fredag skulle ein byrja utvidinga av Aksdal Senter. Slik blir det ikkje. Ein vegg skaper problem, og arbeidet blir utsett til januar.

Publisert Sist oppdatert

— Me er nøydde til å tenkje tryggleik først. Den eine berande veggen som skal rivast og bytast ut er uavklart. Me kan ikkje ta sjansar og må prioritere tryggleik. Difor utset me heile utbygginga til januar, seier senterleiar Elisabeth Brekke Førland.

Veka før var ei stor gruppe smilande menneske på trykk i Bygdebladet. Då var alt klart. Senterleiaren forklarar kva som har skjedd dei siste dagane.

— Som sagt handlar dette om tryggleik knytt til å rive denne veggen og utvide bygget. Me har òg ein tidsplan i høve til leigetakarane som dette arbeidet gjeld (Vinmonopolet, red. anm.). Ved ei utsetjing no kan me ikkje innfri den planen som er sett, seier senterleiaren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS