Prosjektleiar Thea M Augustson opnar vegen under dei to bruene natt til onsdag.
FOTO: PRIVAT
Tysvær
Nå er det like før ein kan ta i bruk brua over E 39 i Aksdal
E134 sin vanlege trase gjennom Aksdal har vore stengt i godt over tre månadar, men natt til onsdag blir vegen tilbakeført til opphaveleg trase og opna for trafikk.
— Entreprenøren førespegla opning den 12. september, men arbeidet har gått litt fortare nå mot slutten, seier prosjektleiar Thea M. Augustson.
Ikkje alt er ferdig, ennå vil på- og avkøyringane til Aksdal vere stengte og opnar først i månadsskiftet oktober/november. Arbeid som gjenstår er oppmerking av avkøyringane, skilting og sikring. Enn så lenge vil trafikken gå gjennom rundkøyringa sør for Rådhuset.