På leit etter nye krefter
— Me har vore ei gruppe på elleve damer som har hatt ein klubb det me har samla inn pengar. Me hadde klubbmøta heime og kvar påske arrangerte me basar. Då var det fullt hus. Me fekk inn nok pengar til drift, seier Marit Larsen (84) som sjølv var med klubben.
Men med høg alder og skrantande helse blant klubbdamene kom dagen då det ikkje lenger var mogleg å fortsetja arbeidet.
— Somme døydde og andre sleit med helsa. Til slutt blei me berre fire igjen. Me slutta for rundt 5 år sidan, seier ho.