Frå industriområdet kor biogassanlegget er tenkt bygd.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ber om biogass-avklaring
Statsforvaltaren ønskjer å få ein avklaring om industriområdet Nerheim før dei kan ferdigbehandle søknaden frå Biovind AS om å byggje eit biogassanlegg der. Dei stiller spørsmål om anlegget kan definerast som lettare industri», som området er regulert til.
Det går fram av eit brev frå Statsforvaltaren i Rogaland, sendt 9. oktober av fagleiar Kirsten Redmond Kristiansen og seniorrådgivar Elisabeht Time Ellingsen.
— Statsforvaltaren ber Vindafjord kommune om å gjere ei ny vurdering av om verksemda til Biovind er i tråd med gjeldande planforhold. Spesielt viktig er kva som ligg bak føringane i reguleringsplanen og korleis de har nytta lettare industri» og anlegg» i denne prosessen, skriv dei.
Ventar på konsekvensutgreiing