— Dette er heilt supert. Nå blir me henta heime og slepp å gå ned til buss-stoppet, og så bli me sett av der me ønskjer. Me får inderleg håpa dette tilbodet kjem til å fortsetja, seier Ingebjørg Westerlund og Reidun Opheim frå Sørstranda i Etne og rosar det nye busstilbodet opp i skyene.
Denne tysdag føremiddagen har dei to damene tenkt seg ein tur til sentrum for å handla, og då dei ikkje køyrer bil passar det godt å få bussen heilt heime på tunet.
— Me brukar tilbodet kvar veke, og me ringjer alltid dagen før for å bestilla bussen. Me kan også bestilla på nett, men me likar best telefonen, seier dei.