Fekk læra om branntryggleik
Tal frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) viser at rundt 75 prosent av dei som døyr i brann er eldre, og at personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkome i brann samanlikna med resten av befolkninga. Dette har sanitetskvinnene i Vindafjord saman med Norske Kvinners Sanitetsforeining sentralt valt å setja søkjelys på og har gjennom lokale tryggleikstreff sett brannvern og branntryggleik på agendaen. I løpet av hausten vil sanitetslaga i Vindafjord arrangera to tryggleikstreff. Det første fann stad på helsehuset i Ølen og blei arrangert i samarbeid med det lokale brannvesen og Gjensidigestiftinga. Her fekk deltakarane læra både korleis ein kan førebyggja brann og kva ein bør gjera om det skulle byrja å brenne.
— Me har fått friska opp det me alt veit, og me har fått ein del tankevekkjarar. Det var ei påminning om å ha branntryggleik i tankane. Nå skal me heim og sjekka brannvarslarane og avtala møteplass dersom det skulle byrja å brenne, seier dei to deltakarane Liv Hovland Ruud og Anne-Britt Gregersen frå Ølen etter at første del av treffet er gjennomført.
Det meste av informasjonen har dei høyrt før, men særs ein ting beit seg fast i minnet.