Snøggbåten på veg inn til kaien på Utbjoa.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Foreslår å få tilbake båttilbod
Fylkesdirektør Rune Haugsdal og direktør for mobilitet og kollektivtransport Anne Iren Fagerbakke i Vestland fylkeskommune innstiller på at snøggbåten frå Bergen og Sunnhordland til Ølen, men ikkje Bjoa, blir tatt opp att så snart som mogleg.
— Sidan fylkeskommunen manglar finansiering, og det er betydeleg færre reisande frå Utbjoa, tilrår vi å etablere tilbodet igjen berre til Ølen, skriv fylkesdirektør Rune Haugsdal og direktør for mobilitet og kollektivtransport Anne Iren Fagerbakke i Vestland fylkeskommune i ei saksinnkalling til eit møte i fylkesutvalet 21. oktober.
Etter tidlegare politiske vedtak blei stansinga av Ølensambandet – ruta som gjekk via Ølen og Utbjoa – gjennomført 1. juli. To innbyggjarinitiativ gjorde at spørsmålet nyleg blei behandla i fylkestinget både i Rogaland og Vestland. I Rogaland vedtok eit fleirtal å verken ta opp ruta att eller gå i dialog med Vestland om eit spleiselag, medan eit samrøystes fylkesting i Vestland vedtok at saka skal handsamast på nytt i fylkesutvalet. Her foreslår administrasjonen følgjande vedtak:
- Fylkesutvalet ber om at båtanløp til Ølen i Rogaland blir gjenoppretta for å ivareta reisebehov på tvers av fylkesgrensa. Tiltaket blir iverksett så snart som råd.
- I arbeidet med ny driftskontrakt for Sunnhordlandsruta frå 2030 skal framtidig reisebehov knytt til fylkeskryssande reiser frå Rogaland/Vindafjord vere del av samla vurdering og tilråding.