Dagens Vindafjord ungdomsråd frå eit tidlegare møte. Framme frå venstre: Hallvard Øvstedal, Sigrun Risøy, Sina Nøkland og Astrid Håvarstein Lothe.Bak frå venstre: Rut Jøri Mangrud Eidhammer, Sofie Ihle, Lovise Skrunes.
Arkivfoto: Anne Mette Klungland, Vindafjord kommune.
Jaktar medlemmer til ungdomsrådet
Vindafjord kommune skal velja eit nytt ungdomsråd i løpet av hausten. No søkjer dei vindafjordingar mellom 13 og 18 år som vil vere dei unge si stemme dei neste to åra.
— Er du oppteken av at ungdom skal få seia si meining og bidra til at Vindafjord blir ein god kommune å vere ung i? Då kan dette vere midt i blinken for deg, skriv Vindafjord kommune på nettsida si.
Ungdomsrådet i Vindafjord kommune representerer alle ungdommane i kommunen og er med på avgjerder som gjeld ungdom spesielt. På møta får ein vite om kommunen sine ulike planar og kan seia kva ein meiner. Ein kan òg koma med eigne forslag. I ungdomsrådet sit det sju medlemmer og fem varamedlemmer.
— Du treng ikkje vere politisk interessert, skriv kommunen.