— Viktig at bilistane ser førsteklassingane
Refleksens dag blei torsdag markert over heile landet, for denne dagen set organisasjonar, skular og frivillige fokus på kor viktig det er å bruka refleks i mørket. I Vindafjord var det Lions som tok ansvar for at dei yngste skal bli sett – bokstaveleg talt.
— Refleksens dag er eit flott tiltak. Det handlar om å skapa merksemd rundt noko som faktisk kan redda liv. Det er altfor mange som ferdes ute utan refleks, sa Odd Steinar Kvinnesland, som er soneleiar for fem Lions-klubbar på Haugalandet og Sunnhordland.
Lions delte ut vestar til alle 1.-klassingane