Skånevik-krysset, E134.
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Dei 11 millionane går ikkje til Skånevik-krysset likevel
Etne kommunestyre vedtok i februar 2024 at dei ønskte å spela inn eit forslag om å bruka restmidlane frå bompengeinnkrevjinga på E134 Stordalstunnelen til å byggja eit avkøyringsfelt i Skånevik-krysset. Det var meint som eit tryggingstiltak etter fleire ulykker.
Men Statens vegvesen har no bestemt at Skånevik-krysset ikkje får pengar.
— Ingenting av beløpet vil gå til Skånevik-krysset. Det alternativet er lagt heilt bort, seier Johannes Handeland, som er prosjektleiar for plan og utbygging vest i Statens vegvesen.
Handeland fortel at Vegvesenet har hatt fleire samarbeidsmøte med ordførar og administrasjonen i Etne kommune for å bli einige om bruken av dei 11 millionane kronene som stod igjen etter at bompengeinnkrevjinga var avslutta.
— Kommunestyret kan koma med innspel til kva dei ønskjer at pengane skal gå til, men har ikkje mandat til å bestemma. Det er tiltaka før omklassifisering som har førsterett til midlane. I tillegg vil det også gå fleire millionar kroner til omklassifisering frå europaveg til kommunal- og fylkesveg, og er det meir pengar igjen etterpå vil dette gå til utbetring av busslomma som ligg ved sidan av Fugl Fønix i Etne sentrum, seier Handeland.