Illustrasjonsfoto frå Etne stasjon. Brannbilen på bildet, er ikkje brannbilen som blir vurdert gitt til Ukraina.
ARKIV/TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Donerer gamal mannskapsbil til Ukraina
Etne kommune kan bli den neste norske kommunen som
sender naudsynt redningsmateriell til Ukraina. Formannskapet skal tysdag ta
stilling til om ein Mercedes mannskapsbil frå 1994 skal donerast til
organisasjonen NUBAS – Norsk Ukrainsk Brann- og Ambulansestøtte.
Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse tilrår at bilen blir gitt vekk slik saka
ligg føre.
Gamle-bilen har gjort jobben
Etne brann og redning disponerer ein Mercedes 1224
frå 1994. Denne bilen blir overflødig fordi Skånevik stasjon har fått ny
brannbil i 2025, og Etne overtar dermed Skånevik sin tidlegare mannskapsbil frå
2009. Utstyret blir flytta frå den gamle bilen til den nyaste, som dermed er
klar for vidare operativ teneste lokalt. Den gamle bilen er fullt operativ, men
teknologisk moden, og kostnadene for å behalda han utan fast funksjon ville ha
omfatta EU-kontroll, service, forsikring og lagring.