Medaljedryss til etnemusikantar
— Eg fekk solistpris. Det var veldig kjekt. Og det var ekstra kjekt at korpset fekk pris og at me fekk flotte dommarkommentarar, seier Anita Jørstad Grindheim.
Det er ikkje første gong 51-åringen frå Etne har nådd heilt til topps i konkurransar.
— Eg vann solistpris i 2017 og 2018. Det er kjekt å få gode tilbakemeldingar når ein har lagt ned litt innsats, seier ho.