Fem unge menn med ferske førarkort prøvde ut bilane sine og køyrde galmann på eit jorde i Vikedal i går kveld. Dei fem køyrde svært fort, leikte seg med doningane sine og spann opp delar av jordet.
Lensmann ved Etne og Vindafjord lensmannskontor Ingvard Gjærde har vore i kontakt med gjerningsmennene. Køyring på jordet har gjenteke seg ved fleire tilfelle.
— Fem unge menn som nyleg har fått førarkort har tatt seg ut med både bilar og ein motorsykkel på jordet. Dei fem er i frå Etne, og vil bli tilsnakka. Det er heller ikkje første gong dette har skjedd, seier Gjærde.