Sola skin over Etne Auto

Sola skin over Etne Auto

– ein bilforhandlar med hjarta på rett stad

Etne Auto har nyleg fått med seg eit nytt tilskot i staben Daniel Gullachsen.

Ein allsidig bilbedrift sentralt i Etne

Etne Auto er langt meir enn ein tradisjonell bilforhandlar. Dette er ein heilskapleg
bilverksemd med eit breitt tilbod som dekkjer det meste innan bilhald. Her kan du kjøpe brukte bilar i god stand, få utført reparasjonar og service på verkstad godkjend av Statens vegvesen, samt få hjelp med lakk, karosseri, bilglass og forsikringsskadar.

– Me ønskjer å vere ein stad kundane kan stole på, uansett behov. Om du skal bytte olje, rette ein bulk eller fikse ruta, så finn me ei løysing, fortel Ole Martin, dagleg leiar.

Ved å ta service hos Etne Auto, får du ein fullstendig gjennomgang av bilens tilstand. Dette gir både tryggleik og forutsigbarheit for vidare bilhald. Verksemda satsar på
kvalitet i alle ledd – frå dei små detaljane til dei store jobbane.

Etne Auto utfører alt frå enkle småreparasjonar til omfattande restaureringar etter uhell. Dei samarbeider tett med dei største forsikringsselskapa i landet, og sørgjer for rask og effektiv sakshandsaming, slik at kunden slepp unødig ventetid.

I tillegg tilbyr dei utleige av tilhengarar i ulike størrelsar – praktisk både for flytting, oppussing og større prosjekt. Her er det mogleg å få hjelp til det meste.

493324344_1331573052307284_2210301389658474484_n-kopi 2

Menneska bak verksemda

Det er menneska som gjer Etne Auto til det det er – ein triveleg og påliteleg aktør i
lokalsamfunnet. Når du kjem inn døra, er det ofte Ane du møter først. Ho sit i
resepsjonen, alltid smilande og klar til å hjelpe, anten det gjeld booking av time,
spørsmål om tenester eller berre ein liten prat.

Dagleg leiar Ole Martin er sjølve motoren i verksemda. Han har lang erfaring i
bransjen og har bygd opp eit lag med 13 faste tilsette som deler hans lidenskap for bil og service. For mange i bygda er han eit kjent og trygt fjes, og ein viktig del av det
lokale næringslivet.

Ein av desse er sonen Alf Johan, som både er mekanikar og jobbar med bilberging. Når du står fast med bilen og treng hjelp, er det ofte han som kjem køyrande i redningsbilen. Han representerer den nye generasjonen i familieverksemda – med solid fagkunnskap og eit sterkt engasjement for kundane.

– Det viktigaste for oss er å sjå menneska bak bilane. Me ønskjer at kvar kunde skal kjenna seg sett, forstått og godt ivaretatt, seier Ole Martin. – God service handlar ikkje berre om jobben me gjer, men om korleis me møter folk. Me vil at kundane skal køyre heim med både bil og eit smil.

Etne Auto er forhandlar av nye bilar frå KGM.
Bilde 1 av 6Etne Auto er forhandlar av nye bilar frå KGM.
Etne_Auto_
Bilde 2 av 6
Canon_Canon EOS 5D Mark III_2023-02-08_4022988800
Bilde 3 av 6
Canon_Canon EOS 5D Mark III_2023-02-08_3198480384
Bilde 4 av 6
13
Bilde 5 av 6
6
Bilde 6 av 6
– Det viktigaste for oss er å sjå menneska bak bilane. Me ønskjer at kvar kunde skal kjenna seg sett, forstått og godt ivaretatt.

Ole Martin, Dagleg leiar

Ny energi inn i bruktbilavdelinga

Etne Auto har nyleg fått med seg eit nytt tilskot i staben Daniel Gullachsen. Han skal ha hovudansvar for bruktbilane. Mange kjenner han kanskje frå fotballbana, Daniel spelar nemleg på A-laget på Etne IL.

Daniel Gullachsen – har hovudansvaret for bruktbilane.

– Eg gler meg til å møte kundar og følgja dei frå start til slutt i bilkjøpet. Når kunden går ut døra med eit smil, då veit eg at eg har gjort ein god jobb, seier han. Med eit sterkt lokalt engasjement, brei kompetanse og eit sterkt fokus på kundetilfredsheit, er Etne Auto ein stad du trygt kan gå når du treng ny bil – eller hjelp med den gamle.

– Eg gler meg til å møte kundar og følgja dei frå start til slutt i bilkjøpet

Daniel, Bilseljar

Dagleg leiar, Ole Martin og bilseljar, Daniel Gullachsen.

Etne Auto – ei verksemd bygd på tillit

Med sterk lokal forankring, høg fagleg kompetanse og eit oppriktig ønskje om å
tilby god kundeservice, har Etne Auto blitt eit føretrekkjeleg val for mange bilkundar
i regionen.

Enten du treng ein ny bruktbil, hjelp etter eit uhell, eller berre vil vita at bilen din er i trygge hender – hos Etne Auto får du det du treng, og litt til.

 

Etne Auto sine eigne nettsider finn du her