Prost Arild Steinsland var på besøk på Frette i juni i år, under Skaparverkets dag. Her i lag med lokale barn, som omfamnar eit tre.
Randi Matre
Julaftan i Frette og Fjæra med prosten på preikestolen
Det er ikkje tilfeldig at det er nettopp Frette og
Fjæra som får besøk av prosten på sjølvaste julaftan. Arild Steinsland fortel
at valet er hans eige, og at han har sett fram til akkurat desse gudstenestene.
— Eg har valt det heilt sjølv. Fjæra og Frette er
flotte bygder begge to. Det er julebygder, og eg gler meg til å halda preik
der, seier han.
For prosten er det viktig å vera til stades ute i
bygdene, og han legg ikkje skjul på at Etne alltid gir han ei god kjensle.