Bjarte Hovland set inn vinnarmålet på overtid, og Ølen kunne jubla for siger på Etne stadion.
Foto: Magne Skålnes
Nervepirrande lokaloppgjer
— Me køyrer over Ølen i andre omgang, men det ville seg ikkje i kveld, seier Etne-trenar Kenneth Hegerland.
— Me har oss sjølv å takke som ikkje skårar på dei store sjansane me har, legg han til.
Etne tapte òg for Ølen i fyrste seriekampen denne sesongen. No håpar Hegerland på at det tredje møtet med naboklubben skal gje Etne-siger. Den kampen går laurdag 27. juni, og er siste seriekamp før ferien.