Fekk svaret: Steinar Aalvik kunne endeleg studere steinen på nært hald, og kunne også tilfreds konstatere at rotaryklubben i Odda føretrekkjer nynorsk.Foto: Atle Aas
Steinar Aalvik. Arkivfoto

På tampen

Interkommunale selskap

Publisert Sist oppdatert

Stadig oftare tek eg meg sjølv i å gå omkring og nynna på den kjende og kjære slagaren Eg er ein gjest i verdi, på leit som framand her». Då er det godt å trøysta seg med at eg har eit godt minne. Nå har det vore nokre episodar i seinare tid, der eg har måtta taka til vitande at inskripsjonar eg har minne om på ein vegg, er å faktisk å finna på ein annan vegg. At ein motorsykkel eg minnest som raud metallic, faktisk er blå og kvit. Så når eg påstår at då eg var liten, pleidde eg å gå søndagsturar med Besten, så kan det godt henda at det berre hende ein gong, eller to.

Denne aktuelle gongen var destinasjonen Klakkahaugen. Besten ville sjå kor langt Gunnar Tvinnerheim var komen på huset sitt. Me sat på Klakkahaugen og såg på det nye huset som reiste seg. På den tida var distribusjonen av regionalavisa baset på barnearbeid. To spedbygde sørstrondingar kom opp på haugen med sykkel og fann kvar sin pakke med Haugesunds Avis. Den eine sykla inn nyevegen, og utatt gamlevegen. Den andre sykla til Veste. Plastbanda som avisene var bunta saman med, låg att på Klakkahaugen. Besten samla banda saman, og tok dei med seg heim. Han kom ikkje med noko slags kritiske merknader om forsøpling, eller om folk som ikkje rydda etter seg, og så vidare. Nei, han meinte berre at det var gode band, han ville ha dei til å koma vel med.

Seinare fram gjennom tidene har Gamlatræet vorte rikt velsigna mang slikt som er godt å ha til å koma vel med. Eg har aldri vore ein ihuga tilhengar av det å setja fyr på alt mogleg, eller å grava det ned, eller kasta det på elva eller utfor høge stup. Då me fekk Toraneset Interkommunale Miljøverk, syntest eg at det var eit stort gode. Eg likte å koma der, og sorterte så godt eg berre fekk det til. Det var ein Lygre, som styrde ståket. Ein intelligent løysningsorientert og oppegåande fyr. Eg var blid og fornøygd då eg kom, og blid og fornøygd då eg fór. Så var det ei Lærdal, som stod for informasjonen. Det var figuren Tora Neset», som forklarte oss korleis me skulle te oss. Det var noko med det. Det var leseverdig, ei glede å få i posten kvar gong.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS