Geolog Håvard Stubseid (t.v.), ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, geolog Sarah Gatley frå Irland, geolog Melanie Border frå England, arkeologprofessor Knut Andreas Bergsvik og dagleg leiar i Geopark Sunnhordland, Brynjar Stautland kikkar på Helgaberget på Stødle.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Løftar fram historia bak geologien
Det var eit heilt følgje som denne veka besøkte Etne kommune saman med to representantar frå Unesco Global Geoparks, Melanie Border frå England og Sarah Gatley frå Irland. Brynjar Stautland som er dagleg leiar i Geopark Sunnhordland stod i bresjen, og bakgrunnen for heile visitasen var søknaden om å få status som ein av Unesco sine globale geoparkar.
— Grunnen til at geologane Gatley og Border er her i dag, er for å sjekka om me var edruelege i beskrivinga av både geologien og kulturen vår, då me sende søknad i november i fjor, seier Stautland.
Søknaden blei akseptert, og besøket frå Unesco er eit stort steg fram i prosessen.