Styreleiar Øyvind Valen og ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen trur Grannar går ei spennande tid i møte. Frå 1. oktober kuttar dei måndagsavisa, og satsar meir på nett. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Styreleiar Øyvind Valen og ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen trur Grannar går ei spennande tid i møte. Frå 1. oktober kuttar dei måndagsavisa, og satsar meir på nett. Foto: Grethe Hopland Ravn

Kuttar papirutgåva på måndagar – og girar opp digitalt

Frå 1. oktober vil Grannar si måndagsavis vera historie. Nye digitale tider, forlengja turnusar for journalistane og fleire publiseringar på nett, gjer likevel at Grannar sitt fotfeste i lokalsamfunnet blir sterkare enn nokon gong.

Styreleiar i Grannar, Øyvind Valen og ansvarleg redaktør, Torstein Tysvær Nymoen kan opplysa at lokalavisa går inn i ei ny tid.

— Styret har gjort vedtak på at me går over til éi avis i veka, men me vil samtidig rigga redaksjonen for å ha folk på jobb frå tidleg morgon til seint på kveld. Kvar torsdag vil me ha ei fyldig og god avis med bort i mot same sidetal som dagens to aviser har til saman, seier Øyvind Valen.

Med dette grepet får journalistane betre tid til å laga nyheiter, og Grannar vil kunna publisera digitale nyheitsoppdateringar gjennom heile dagen. Folk skal få nyheitene når dei skjer, og i følgje redaktør Torstein Tysvær Nymoen skal målet vera å forsterka Grannar sin posisjon i distriktet.

— Me skal jobba for at Grannar i endå større grad skal bli det føretrekte mediet når folk skal oppdatera seg på samfunnsbildet, seier han.

Konkurransedyktig

Det er klart at økonomi også spelar ei rolle her, for som i resten av mediebransjen er tidene krevjande for papiravisene. Annonsesalet går ned, mens kostnadane for både trykking og distribusjon har auka dramatisk. Tysvær Nymoen understrekar at ambisjonen likevel er å kunne gi lesarane meir nyheiter, sjølv om det blir mindre papiravis.

Eg likar også konkurranse i journalistikken, og det er ikkje lenger berre lokale konkurrentar me har

Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør

— Om me tar bort ei papiravis, vil me samtidig frigjera meir tid å laga redaksjonelle saker, både for journalistane og for redaktøren. Helgevaktene som per i dag brukar søndagen på å redigera måndagsavisa, vil få meir tid til å produsera nyheitssaker for lesarane våre, seier redaktøren

«Mindre papir – meir journalistikk»

I dag jobbar journalistane i Grannar vanlege kontordagar frå måndag til fredag, og kvar journalist har éi vakthelg i månaden. Frå 1. oktober blir turnusen utvida med kveldsvakter. Det kjem til å bidra til at lokalavisa blir endå meir aktuell, men også meir konkurransedyktig i forhold til andre media.

Tidleg på nett

Sjølv om både styreleiar og redaktør reknar med reaksjonar på at Grannar går frå å vera ei 2-dagarsavis til å bli ei avis som berre kjem ut éin dag i veka, er lesarane allereie meir digitale enn dei nokon gong har vore før.

— Noko som gjeld for både Grannar og andre aviser er at fleire og fleire vel bort papiravisa fullt og heilt, og blir meir digitale, seier Nymoen.

Styreleiar forventar framover at når det skjer noko i Grannar-distriktet, skal ein kunne lesa om det på nettsidene til Grannar med ein gong.

— Det er derfor det er så viktig å få styrka den moglegheita journalistane har til å alltid vera «på». Me har så liten redaksjon at me er nøydde for å gjera endringar for å få det til, seier Valen, og legg til at Grannar har hatt ei kraftig auke i abonnentar som les nyheiter digitalt.

For dei som framleis føretrekkjer papiravisa, skal ikkje papirversjonen vera eit dårlegare val enn dei som les nyheiter på nett. Papiravisa skal servera dei same nyheitene som på nett, men kjem til å bli ei oppsummering av veka som gjekk.

— Dei som ønskjer å berre lesa Grannar på papir skal ikkje gå glipp av nyheiter, seier redaktøren.

Vil hjelpa

Det kan godt hende at mange av lesarane framleis synest det er vanskeleg å finna fram i nettsidene, men her vil alle dei tilsette i Grannar bidra med hjelp så godt dei kan.

— Folk må berre ringa oss, eller spørja oss direkte om dei ser oss ute. Me kjem til å vera til stades på folkearrangement for å visa korleis ein kan finna fram på nettsidene, og under Etnemarknaden vil me ha stand der folk kan ta kontakt med oss om dei lurer på noko. Me vil definitivt vere på tilbodsida, seier Nymoen.

Torstein Tysvær Nymoen kan også røpa at han har fleire andre og spennande planar for Grannar utover hausten. Planar som han håpar skal bidra til at lesarane ønskjer å bli med Grannar vidare, og som bidreg til at lokalavisa får endå fleire digitale lesarar.

— Eg likar også konkurranse i journalistikken, og det er ikkje lenger berre lokale konkurrentar me har. I den store endringa frå papir til digitale løysingar, har også konkurransebildet endra seg i tråd med utviklinga. Me konkurrerer stadig med dei store nasjonale nyheitskanalane, og det må me ta innover oss, seier han.