Sentralbadet litteraturhus i Odda får 600.000 kroner i spelemidlar. Foto: Åge Avedal/Vestland fylkeskommune
Sentralbadet litteraturhus i Odda får 600.000 kroner i spelemidlar.

9,5 millionar til kulturbygg i Vestland

Publisert Sist oppdatert
Vestland fylke har fått 53 søknadar om til saman 36,7 millionar kroner til kulturbygg. Hovudutval for kultur, idrett og inkludering hadde ein firedel av summen til rådvelde.

Tilskotet er del av spelemiddeloverskotet til Norsk Tipping frå 2022. Berre Oslo og Viken fekk meir enn Vestland fylkeskommune til tilskot til kulturbygg i år.

– Vi har fått meir pengar i år enn tidlegare, men er framleis langt unna behovet for tilskot til kulturbygg. Eg er redd for lite pengar kan svekkje både lokal frivillig innsats og kulturlivet, seier Stian Davies, leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Desse får spelemidlar til kulturbygg:

Alversund skule og Alverhallen (Alver): 750.000 kroner

Askvoll samfunnshus (Askvoll): 295.000 kroner

Follese kultursenter (Askøy): 600.000 kroner

Selbjørn skule og fleirbruksanlegg (Austevoll): 750.000 kroner

Fridtjof Sundts kjeglebane og musikkhall (Bjørnafjorden): 256.000 kroner

Eikelandsfjorden samfunnshus (Bjørnafjorden): 424.000 kroner

Dale ungdomsslag (Fjaler): 973.000 kroner

Høyanger samfunnshus (Høyanger): 750.000 kroner

Reksta ungdomslag (Kinn): 102.000 kroner

Stavøy grendelag (Kinn): 400.000 kroner

Folkets hus (Kvam): 320.000 kroner

Gjesthalla ungdomshus (Sunnfjord): 327.000 kroner

Vårvon ungdomslag (Sunnfjord): 384.000 kroner

Sentralbadet litteraturhus (Ullensvang): 600.000 kroner

Grendahuset Ljosheim (Vaksdal): 570.000 kroner

Sentralbadet scenekunsthus (Bergen): 2.000.000 kroner

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS