Arkeologane Camilla Rustad og Øystein Skår med flint etter dei første menneska som budde på Vestlandet. Alle
foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Fann spor frå eldste busetnaden i Vestland
Arkeologar i Vestland kan ha funne spor etter dei første menneska som kom til fylket, for 10.000 år sidan.
Feltarkeologar i Vestland fylkeskommune har funne sju flintesteinar, spor etter dei første menneska i Noreg, på Lepsøy i Bjørnafjorden kommune, skriv Vestland fylkeskommune.
Arkeologane har funne 206 buplassar – som er så mykje som 10.000 år gamle – i Bjørnafjorden, Tysnes og Stord kommunar. Dette ligg i området som er planlagt for den framtidige traseen til E39.
– Dette er den største arkeologiske registreringsprosjektet vi nokon gong har gjort gjennom tidene i Hordaland, Sogn og Fjordane og i Vestland. Dette er veldig stort, og vi er bortskjemte med gode funn. Vi har fått mykje å tenkje på og jobbe med, seier arkeolog Øystein Skår, som leia registreringane i den framtidige traseen for E39 Stord-Os (Hordfast).