Telia og to andre teleselskap har fått klager på høge fakturagebyr. No skal Forbrukarrådet undersøkje om gebyra er lovlege.
Illustrasjonsfoto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Forbrukartilsynet ser på høge fakturagebyr frå teleselskap
Mange har klaga på høge fakturagebyr frå Telenor, Ice og Telia. No skal Forbrukartilsynet undersøkje om storleiken på gebyra teleselskapa tek, er lovlege.
Dei tre teleselskapa har tre veker på seg til å sende inn opplysningar til Forbrukartilsynet, skriv tilsynet i ei pressemelding.
– Høge fakturagebyr har vorte ein praksis i mange bransjar. Vi undersøkjer no i fleire bransjar om denne praksisen er lovleg eller ikkje, seier direktør Trond Rønningen i Forbrukartilsynet.
Dersom dokumentasjonen avdekkjer lovbrot, vil Forbrukartilsynet vurdere vidare oppfølging av saka. Tilsynet kan mellom anna bestemme at praksisen til selskapa må avsluttast og bøteleggje dei dersom praksisen ikkje stansar innan ein fastsett frist. Dei kan også gi straffegebyr.