Dette er bidevindsseglaren som dukka opp på Tromlingene.
Foto: Dugnad for havet
Observasjon av tropisk manet i Noreg
Maneten bidevindsseglar er svært sjeldan i Noreg, men den siste veka har Havforskingsinstituttet fått inn to observasjonar av den særeigne maneten langs norskekysten.
– Eg vert berre meir og meir fascinert over denne arten, seier manetforskar ved Havforskingsinstituttet, Tone Falkenhaug, på instituttet sine nettsider.
Arten har berre vorte observert i Noreg éin gong før for over ti år sidan da han dukka opp på vestsida av Lofoten.
Gjennom portalen Dugnad for havet, vart det meldt inn observasjonar av manaten 7. september ved øyane Tromlingene i Arendal kommune på Sørlandet og 10. september ved Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune i Vestland.
– Maneten lever i alle verdshava, men i varmare havområde – i tropiske og subtropiske område. Det er uhyre sjeldan han dukkar opp langt nord, men med spesielle vindforhold kan han drive langt, forklarar manetforskar Tone Falkenhaug.
(NPK)