Regjeringa vil byggja smalare motorvegar

Publisert Sist oppdatert
For å spara miljøet vil regjeringa gjera nye motorvegar smalare og farten lågare.

Det skal ikkje lenger vera ei fartsgrense på 110 kilometer i timen på alle nye firefeltsvegar, skriv NRK.

Vegane kan i tillegg bli smalare. Årsaka er at regjeringa vil spara natur og matjord og få meir veg for pengane.

– Det handlar om at me skal ha ein ansvarleg vegpolitikk. Då får me òg meir ut av ressursane og kan oppnå betre vegstandard for fleire innbyggjarar i landet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Endringane vil føra til fleire nye to- og trefeltsvegar og avgrensa naturinngrep.

– Dette er veldig bra med tanke på å ta betre vare på natur og stoppa den bit for bit-nedbygginga av natur som me har drive med altfor mykje i Noreg, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS