Det har vore stemmetrøbbel i fleire kommunar i Noreg under kommunevalet. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Det har vore stemmetrøbbel i fleire kommunar i Noreg under kommunevalet.

Stemmetrøbbel i tre kommunar på valdagen

Publisert Sist oppdatert
Stemmesetlane til minst eitt parti har mangla i tre ulike kommunar måndag. – Uheldig, slår Kommunaldepartementet fast.
I eitt av vallokala i Kongsberg kommune mangla lista til Konservativt i ein periode, melder VG. Det vart oppdaga halvannan time etter at vallokalet opna.

Tidlegare måndag vart det rapportert om at lista til partiet mangla i stemmelokale både i Tysnes kommune i Vestland og i Balsfjord kommune i Troms og Finnmark.

I Tysnes mangla også lister for partia Liberalistane og Partiet sentrum. Feilen skal ha skjedd ved utpakking av listene, fortel ordførar Kåre Martin Kleppe (H).

– Det skal ikkje skje, og det er veldig dumt. Heldigvis var det første personen som skulle stemme, som gav beskjed, men vi skal ikkje vere avhengige av at veljarane gir beskjed, seier Kleppe til VG.

Skal sjekke alle valavlukke

Kommunal- og distriktsdepartementet kallar situasjonen uheldig.

– Det er uheldig at det manglar stemmesetlar i valavlukka, det har også fullmaktskomiteen på Stortinget uttrykt fleire gonger, seier avdelingsdirektør Siri Dolven til NTB.

Sidan Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, kan dei ikkje kommentere konkrete saker, opplyser ho vidare.

Ho understrekar at valmedarbeidarane jamleg skal sjekke at det er stemmesetlar i alle valavlukka.

I Balsfjord vart feilen oppdaga klokka 18.10 søndag, fortel ordførar Gunda Johansen (Ap) til VG. Feilen er no retta opp, og alle stemmesetlane er på plass.

– Eg har snakka med dei som stod på lista, og det har komme inn fleire klager, og dei skal ta det opp med Valdirektoratet.

Ho understrekar at alle dei som ikkje fann setelen, får høve til å stemme på nytt. Så er det opp til valstyret å behandle om den nye blir gyldig eller ikkje.

Krev omval

Leiar i Konservativt Balsfjord Thorleif Selseng seier til Nordlys at dei vil krevje omval etter at det vart kjent at stemmelistene mangla.

Valdirektoratet stadfesta tidlegare måndag at det er komme inn ei klage til Balsfjord kommune etter stemmetrøbbelet.

I ein e-post til NTB skriv direktoratet at dei har vore i kontakt med kommunen etter at dei vart informerte om saka, og minna dei på at dei skal sørgje for at det er stemmesetlar tilgjengeleg for alle lister som stiller til val i kommunen.

– I denne saka ligg det føre ei klage som skal behandlast av valstyret i kommunen. Kommunal- og distriktsdepartementet er endeleg klageinstans, og Valdirektoratet har inga rolle i denne klagebehandlinga. Behandlinga av klagesaka vil avgjere kva konsekvensar saka får.

NRK melder også om at enkelte stemmesetlar har vore vanskeleg tilgjengelege i stemmeavlukke i eit vallokale i Larvik og i eit lokale i Rælingen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS