Varaordførar Kenneth Karlsen forsvarte Etne Frp sitt standpunkt om at kommunen bryt lova om pride-flagget blir heist i samband med eit Facebook-arrangement 28. juni.
Varaordførar Kenneth Karlsen (Frp) i Etne kommune. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Svar til Arild Stenberg (H) og bompengeprosjektet hans

Svar til Arild Stenberg (H) og bompengeprosjektet hans, som har skreiv om i eit lesarinlegg i Grannar.

Takk for dine kreative tankar angåande bompengefinansiering av Bakka-Solheim og dets potensielle konsekvensar for Etne kommune.

Eg vil understreka at Etne FrP står sterkt imot innføring av bompengar, spesielt utan at det har vore ei grundig og demokratisk folkeavrøysting om saka. Liks som med eigedomskatten så skal innbyggjarane våre vera klar over at våre representantar røyster i mot slike usosiale skattar og avgifter. Me lever i ei dyrtid der lommebøkene til innbyggjarane våre må skjermast frå dei som vil ta meir av allereie lette lommebøker.  Her står me som regel åleina lokalt, så det hadde vore kjekt om Høgre ville vore med oss og lagt ei beskyttande hand over lommeboka.

E134 Bakka-Solheim er eit enormt viktig prosjekt for oss. Det ser dessverre ut som at den sosialistiske regjeringa vår løyver lite midler til vegsatsing, men meir til symbolpolitikk innan klima og miljø som elektrifisering av sokkelen og vindkraftutbygging. Når det gjeld bompengar på Bakka-Solheim så meiner me at det er avgjerande at våre innbyggjarar får høvet til å seia si meining, før ein så viktig avgjerd vert teken. Difor vil me arbeida for at ei eventuell bomløysing vert grundig drøfta og diskutert, og at innbyggjarane får høve til å seia si meining i ein folkeavrøysting før nokon endeleg avgjerd vert tatt. Om kommunestyre ikkje vil spørja folket om denne saka, så kjem me til å røysta imot eit kvar bompengeforsøk – slik me alltid har gjort.

Eg vil også nytta anledninga til å utfordra deg, Arild Stenberg og partiet Høgre, på ei viktig problemstilling. Me må kunne diskutera moglegheita for å byggja statlege vegar med statlege pengar – utan bompengar. Det er ei utfordring når me ser at det me allereie betalar i skattar og avgifter ikkje er nok til å finansiera trygge og gode vegar, spesielt vest for Haukeli. Er det ikkje på tide å vurdera om det er mogleg å finna alternativ finansiering som ikkje legg unødige byrder på dei lokale innbyggjarane? Det er ikkje rett at me skal måtta betala ekstra for noko som burde vore finansiert over skattesetelen.

Takk uansett for ditt engasjement, og eg ser fram til å samarbeida med både deg og våre sambygdingar for å finna dei beste løysingane for vår kommune.

Kenneth Karlsen

Ordførarkandidat

Etne FrP