Den nye strategien vil legge føringar for jordvern både i Etne (bilde) og andre kommunar.
ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Eitt av dei tre nye selskapa i Grannar-distriktet er heimehøyrande i Etne. ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM

E134 gjennom Etne

Den nye vegen er planlagt oppe i lia og i tunnel, slik at trafikken blir leia utanom Etne sentrum. Det får konsekvensar, på godt og vondt. Det er ein gode at gjennomgangstrafikken ikkje kjem ned i sentrum. Tidvis er det så tett med bilar at det hindrar lokaltrafikken. Blir gjennomgangstrafikken leia utanom, vil det òg bli mindre trafikkstøy og luftureining der det er mange mjuke trafikantar.

Handelsstanden er flinke til å utnytta effekten av at mange køyrer gjennom Etne. Det er lett for bilistane å svinga innom og kjøpa det dei treng på turen vidare. Mange har gjort det til ein vane å stansa i Etne for å handla, og kanskje lada bilen samtidig. Når europavegen blir lagt oppe i lia, skal det meir til for at bilistane kjem innom og handlar. Det kan bli negativt for handelen i Etne. Desse konsekvensane er me nøydde til å ta stilling til, når den nye vegen kjem.

Så er det spørsmålet om bompengar. Innkrevjing av bompengar er nok dessverre ein føresetnad for at det skal koma ny veg i overskodeleg framtid. Høgre vil unngå at bompengane skal bli ei stor belastning på den lokale trafikken. Me har difor sagt at me vil vera med på diskusjonen om kor bommen skal stå.

Høgre vil invitera dei andre partia til å arbeida saman for at bommen blir plassert på den nye vegen mellom Fikse og Mo, slik at dei som bur i Etne kan køyra i begge retningar utan å betale bompengar. Dette blir òg ei god løysing for handelsstanden, som dermed kan dra fordel av at folk utanfrå vil få endå ein god grunn til å handla i Etne, nemleg at dei dermed slepp å køyra gjennom bomstasjonen.

Arild Stenberg, ordførarkandidat for Etne Høgre