Ambulanse
Illustrasjonsfoto.

Tidlegare leiar av Norges Bondelag døydde i sykkelulykke

Publisert Sist oppdatert
Lokalpolitikar og tidlegare leiar for Norges Bondelag, Bjørn Iversen (75), døydde etter ei sykkelulykke fredag. No avlyser Vestre Toten Senterparti valvaka si.

Iversen døydde i ei sykkelulykke i Vestre Toten fredag, skriv Toten i dag. 75-åringen var ein sentral profil i lokalpolitikken og stod på fjerdeplass på Vestre Toten Senterpartis liste – som i praksis ein sikker plass i kommunestyret.

Partiet har no sju representantar i kommunestyret. Iversen var i tillegg leiar av Senterpartiets lokallagsgruppe i Vestre Toten.

Han har også ein lang karriere bak seg innan organisasjonsliv. Totningen leidde Norges Bondelag i åra 1991 til 1997. Sommaren 2021 vart han heidra for den lange karrieren sin i Norges Bondelag, og utnemnt til æresmedlem.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS