Anniken Huitfeldt (Ap) går inn som leiar for Aps næringsfraksjon.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Avsette statsrådar har fått nye verv i Aps stortingsgruppe
Statsrådane som nyleg måtte gå av, har fått nye verv i Arbeidarpartiets stortingsgruppe. Anniken Huitfeldt blir leiar for Aps næringsfraksjon.
– Vi får med dette eit sterkt og breitt samansett lag med både erfaring og fornying. Eg gler meg til å jobbe saman med desse framover, seier parlamentarisk leiar Rigmor Aasrud i ei pressemelding.
Marte Mjøs Persen blir leiar for transportfraksjonen. Bjørnar Skjæran blir medlem av arbeidsutvalet og blir dermed også medlem og gruppestyret.
Elles melder partiet at Hadia Tajik blir ny leiar for justisfraksjonen, og at Anette Trettebergstuen går inn i arbeid og sosial-fraksjonen.
Parlamentarisk leiar Aasrud går sjølv inn i finansfraksjonen til partiet.