Ladestasjonen i Skånevik.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Elbilforeininga oppgitt over statsbudsjettet
Elbilforeininga reagerer på at det berre er bensin- og dieselbilar som får redusert årsavgift i budsjettet.
– Klimafiendtleg og uforståeleg at bilen må forureine for å få avgiftslette, seier Unni Berge, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Elbilforeininga, om budsjettforslaget.
Elbilar får no høgare nivå på trafikkforsikringsavgift – kjent som årsavgift – enn fossilbilar.
– Skal ein setje ned denne avgifta, så bør ein gjere det også til dei som har teke eit klimavennleg val. Det er uforståeleg at ein gir avgiftslette for å eige ein Porsche Cayenne, men ikkje for å eige ein Nissan Leaf, seier Berge.
Avgifta for fossilbilar blir sett ned frå 8,38 kroner per dag til 7,60 kroner pe