Landbruksministeren fekk flaum- og tørkeoppdatering: – Eg ser at fleire bønder slit
Landbruksministeren Geir Pollestad (Sp) fekk torsdag ein status etter ein avlingssesong prega av flaum og tørke.
Pollestad møtte mellom anna Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgiving og KS.
Sommaren og hausten har vore sterkt prega av både tørke, store nedbørsmengder og ekstremvêret Hans». Dette har gitt ein krevjande vekstsesong og innhaustingsforhold fleire stader i landet. Det er likevel store forskjellar mellom dei enkelte regionane, skriv departementet i ei pressemelding.
Departementet har hatt løpande kontakt med næringa gjennom sommaren, og har sett i verk fleire tiltak for å avhjelpe situasjonen. Justeringane vart godt mottekne i møtet, ifølgje departementet.