Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

I ei ny måling meiner over halvparten av dei spurde at Høgre-leiar Erna Solberg bør trekkje seg som leiaren i partiet. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
I ei ny måling meiner over halvparten av dei spurde at Høgre-leiar Erna Solberg bør trekkje seg som leiaren i partiet.

Måling: Over halvparten meiner Erna Solberg bør trekkje seg

Publisert Sist oppdatert
I ei fersk undersøking gjennomført for Nettavisen meiner 55,7 prosent av dei spurde at Erna Solberg bør trekkje seg som Høgre-leiar før neste stortingsval.

Færre enn éin av tre, 28,3 prosent, har svart at Høgre-leiaren ikkje bør trekkje seg, medan 15,9 prosent av dei spurde veit ikkje, skriv avisa.

Målinga vart gjennomført av InFact 2. oktober og 1045 respondentar har svart.

Sjølv seier Solberg at det er ingen tvil om at habilitetssaka har skapt utfordringar.

– Men målingane viser at det er solid støtte blant Høgres veljarar for at eg skal halde fram, og det synest eg er hyggjeleg, seier Solberg til Nettavisen.

Avisa har også spurt om Anniken Huitfeldt bør gå av som utanriksminister etter saka om hennar manns aksjehandel.

Her har 47 prosent av dei spurde sagt ja, 30,9 prosent nei, medan 22,1 prosent veit ikkje.

Powered by Labrador CMS