Haust ved Furusjøen i Kvamsfjellet i Gudbrandsdalen.
Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Meteorologane varslar litt vinter i haustferien
Haustferien er i gang fleire stader i landet, og ifølgje meteorologane har mange fått ein mild start. Men frå onsdag blir det kaldare.
– Det blir ein våt start på veka langs kysten. Dei kommande dagane blir prega av regnbyer langs heile linja, og lengst nord kan desse gå over til sludd- og snøbyer. Austlandet og Finnmarksvidda ser ut til å hamne i le og slepp unna det meste av nedbøren, lyder varselet.
Meteorologane meiner at mange på Austlandet vil få ein mild start på haustferien, med gode moglegheiter for sol.
– Frå onsdag skal temperaturane søkke, og snøgrensa kan krype ned mot 1000 meter over havet lengst nord på fjellet i Sør-Noreg.
Farevarsel om snø i nord
Lenger nord går det mot endå kjøligare tider.
– I Hammerfest ser vi at snøen kryp stadig lenger ned. Onsdag kveld kryp den endå lågare, og enkelte stader i Troms og Finnmark er venta det snø heilt ned til fjæresteinane, skriv meteorologane.
Det er sendt ut farevarsel om snø på fjellovergangar i Ytre Finnmark, der det i periodar kan leggje seg snø på vegar over 100 meter over havet.
– Det er ikkje venta store mengder snø, men det kan komme opp mot 10–15 centimeter på 24 timar nokon stader.
Startskot for hummarfisket
Hummarfisket er i gang, og langs kysten av Sørlandet og mot svenskegrensa er det venta fine forhold.
– Ver obs på mogleg morgontåke og spreidd nedbør. I vest er det venta meir skiftande vêr og regnbyer. Tysdag kveld aukar vinden til vestleg liten til stiv kuling, åtvarar meteorologane.