– Dette er tal vi må jobbe for å snu. I år teiknar til å bli eit verre ulykkesår enn i fjor. Derfor oppmodar vi igjen bil- og MC-førarar til å vere med å få ned ulykkestala, seier pressesjef Ingunn Handagard i Naf.
I fjor var det 89 menneske som døydde i trafikken i same periode.
– Etter fleire år der ulykkestala har gått ned, er vi bekymra for auken i dødstala i trafikken både i fjor og så langt i år. Derfor har vi ei klar oppmoding til alle trafikantar no som vi går inn i dei mørkaste månadene: Køyr forsiktig og ta omsyn. Alle kan gjere sitt for å redusere risikoen for ulykker, seier Handagard.
Klart råd til bilistane
Naf har ei klar oppmoding til alle på vegane: Køyr forsiktig.
Det er møteulykker og utforkøyringar som tek flest liv på norske vegar. Naf sender også ei oppmoding til styresmaktene.
– Vi treng meir møtefri veg, med anten fysisk skilje mellom køyreretningane eller forsterka midtoppmerking. Og det er behov for å sikre meir av vegnettet mot utforkøyringsulykker, spesielt fylkesvegane, seier Handagard.
Fleire MC-ulykker
Etter ein sommar med færre MC-ulykker, har det vore verre dei siste månadene.
– Dessverre ser vi at talet på omkomne på MC held seg høgt også i år. Med 20 døde er vi på same nivå som for eitt år sidan, seier Jan Harry Svendsen, leiar for Naf MC.
– Det er viktig for tryggleiken til motorsyklistar at ein ryddar sideterreng og at ein sikrar farlege vegstrekningar. Underskjener på autovern veit vi er med på å redde liv.