Konsernsjef Tone Wille i Posten lanserte måndag Posten Brings plan for å byggje 96 ladestasjonar for tunge køyretøy over heile landet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Konsernsjef Tone Wille i Posten lanserte måndag Posten Brings plan for å byggje 96 ladestasjonar for tunge køyretøy over heile landet.

Posten Bring byggjer unikt ladenettverk

Publisert Sist oppdatert
Posten Bring skal byggje ut ladestasjonar for tyngre køyretøy over heile landet. Det blir 96 kraftige ladepunkt ved åtte terminalar.

– Vi vil byggje eit kraftig og unikt ladenettverk for tyngre elektriske køyretøy i Noreg. Ladeinfrastrukturen som vi no etablerer, er svært viktig for å kunne bruke el-lastebilar på fleire strekningar rundt i landet, seier konsernsjef Tone Wille i Posten Bring.

Alle åtte terminalane vil få ladepunkt med moglegheit for 360 kW. Det blir dei kraftigaste ladepunkta i heile landet, ifølgje Wille.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) deltok under lanseringa på Hamar måndag. Han er glad for at Posten satsar på el-lastebilar.

– Utsleppa frå tungtransporten må kuttast kraftig for at vi skal nå klimaforpliktingane og klimamåla våre. Eg har stor tru på at elektriske lastebilar og bussar raskt kan bli ei like viktig brikke i kampen for utsleppskutt som elektriske personbilar er allereie. Men det føreset lademoglegheiter, seier samferdselsministeren.

Posten tok i bruk sin første elektriske lastebil i 2021 og har i dag over 70 slike bilar i teneste.

– Vi har komme veldig langt i bruken av elvarebilar. Tida er no inne for å satse endå sterkare på el-lastebilar, seier Wille.

Ladestasjonane skal byggjast på terminalar i Molde, Bjerkvik, Hamar, Lørenskog, Stokke, Kristiansand, Stavanger og Trondheim.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS