Skjerpar reglane for asbest

Publisert Sist oppdatert
EU-landa har gitt klarsignal for eit nytt direktiv som kraftig skjerpar reglane for bruk av asbest.

Dei nivåa som frå no av blir tillatne, er ti gonger lågare enn før, ifølgje det nye direktivet som måndag formelt vart vedteken av Ministerrådet.

Dermed får arbeidarar betre vern mot det svært kreftframkallande stoffet.

Ifølgje det nye regelverket skal ingen bli eksponerte for meir enn 0,01 asbestfiber per kubikkcentimeter i ein overgangsperiode.

Medlemslanda har no to år på seg til å implementere den nye asbestlova.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS