Illustrasjonsfoto.Foto: NTB / NPK
Illustrasjonsfoto.

SSB: Nedgang i svinekjøttproduksjon og auke for fjørfe

Publisert Sist oppdatert
Produksjonen av svinekjøtt er gått ned, medan det blir slakta meir fjørfe enn før. Første halvår i år auka produksjonen av storfe og sau samanlikna med 2022.

Gris er framleis det vi konsumerer mest av, med nesten 66.000 tonn produsert det første halvåret i år. Det vart produsert 57.000 tonn fjørfe, 43.000 tonn storfe og 1900 tonn sau i same periode, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Talet på tonn svinekjøtt godkjent til menneskemat er gått ned med 5,9 prosent dei siste fem åra, og ned 1,5 prosent berre frå første halvår 2022 til første halvår 2023.

Dei siste fem åra har talet på tonn kylling og anna fjørfe til menneskemat auka med 16 prosent, opp prosent frå første halvår 2022 til første halvår 2023.

Storfeproduksjonen i talet på tonn ligg omtrent på same nivå som for fem år sidan, medan saueproduksjonen er ned med over 16 prosent dei siste fem åra, trass ein auke på 4,1 prosent frå første halvår i fjor til første halvår i år.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS