Widerøe blir innstilt til å drive fleire flyruter i Nord-Noreg.
Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Widerøe og DAT blir tildelte fleire flyruter i Nord-Noreg og på Vestlandet
Regjeringa har tildelt kontraktar på fleire av strekningane der staten kjøper flyrutetenester. Samferdselsministeren seier at tilbodet vil bli billigare.
– Med desse kontraktane viser vi at vi no er i gang med å nå målet til regjeringa om lågare flyprisar på FOT-rutene. På alle rutene omfatta av desse avtalane vil maksimaltakstane halverast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i ei pressemelding.
FOT-ruter er flyruter som ikkje er kommersielt lønnsame å drive, og der staten betaler flyselskap for å sikre eit godt flytilbod. Dei fleste av desse rutene er på Vestlandet og i Nord-Noreg.
I april lyste regjeringa ut ein konkurranse for drift av flyruter frå 1. april 2024–31. oktober 2027/2028. På seks av rutene har både Widerøe og danske DAT kommen med tilbod. No er det klart at Widerøe blir innstilt til å drive ruteområda Lakselv–Tromsø, Andøya–Bodø og Andøya–Tromsø, og dessutan Harstad/Narvik–Bodø og Harstad/Narvik–Tromsø.
DAT blir samtidig innstilt til å drive rutene Røros-Oslo, Florø-Oslo og Stord-Oslo.
Lufttransport blir innstilt som operatør på helikopterruta Værøy–Bodø.
– Med dei nye kontraktane, med lågare billettprisar og styrkte kapasitet på fleire av rutene, vil dei reisande få eit betre flyrutetilbod, seier Nygård.
Samferdselsdepartementet er framleis i forhandlingar med selskapa på ruteområda der det berre har komme inn eitt tilbod.
(NPK)