For mykje bacon? Bøndene vil halde prisane oppe og blir derfor oppmoda til å redusere produksjonen.
Foto: NTB / NPK
Bønder blir oppmoda til lågare kjøttproduksjon
Viss ikkje norske bønder reduserer kjøttproduksjonen frivillig, kan kjøttprisane halde seg låge lenge, åtvarar aktørar i bransjen.
– Vi er heilt avhengige av å få ned produksjonen. Før var det mogleg med reguleringseksport, men den opninga er borte. No må alt kjøttet omsetjast i den norske marknaden. Vi må få ned produksjonen for å tømme lagera, seier svinebonde Einar Myki til Nationen.
Myki er leiar i produsentrådet for svin, som oppmodar bønder til å delta i dugnad for å redusere produksjonen.
– Vi ber alle med purker redusere bedekninga med 5 prosent og la kvar 20. fødebinge stå tom. Det vil redusere produksjonen i andre halvår. Så vil vi be alle redusere slaktevekta på grisene.
Han seier produsentrådet har kontakta dei fleste som har meir enn 50 purker.
Prognosen til Nortura viser at det vil liggje 3.700 tonn svinekjøtt på reguleringslager ved nyttår, og at det blir nye 200 tonn i overskot neste år. Håpet er at dugnadskuttet vil redusere produksjonen med 4.000 tonn neste år.