Forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet åtvarar hamstereigarar mot å gravleggje eller kaste døde hamster, då dei kanskje berre er i dvale. Foto: Fredrik Markussen / UiT Noregs arktiske universitet
Forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet åtvarar hamstereigarar mot å gravleggje eller kaste døde hamster, då dei kanskje berre er i dvale.

Ikkje gravlegg hamsteren din – det er ikkje sikkert han er død

Publisert Sist oppdatert
Hamsteren går i dvale tre til sju dagar om gongen i den kalde årstida. No åtvarar forskarar mot å gravleggje eller kaste hamster du trur er dødt.

– Det er ikkje uvanleg at folk kastar eller gravlegg hamster som faktisk lever, dei berre verkar døde når dei er i dvale, seier dvaleforskar Vebjørn Melum ved UiT Noregs arktiske universitet i ei pressemelding.

Når ein hamster er i dvale er han kald, ein ser ikkje pulsen og ser heller ikkje at han pustar.

– Då er det ikkje rart vi tek feil nokre gonger, seier Melum.

Dyr som skal overleve vinteren har nemleg ulike måtar å tole lite mat og kulde på. Mellom anna går nokre i dvale.

Dvale er når eit dyr får veldig låg kroppstemperatur, hjarterytme og pustar veldig sjeldan. Då bruker dyret lite energi.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS