Låge drivstoffprisar kjem av lokale priskrigar.
Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Lokal priskrig på drivstoff gir store prisforskjellar
Pumpeprisane på drivstoff har onsdag variert stort. Heilt frå 17 og opp til over 24 kroner. Sterk konkurranse om kundane sørgjer for svingingane.
– Låge prisar på bensin og diesel kjem av lokale priskrigar. Dei oppstår når ein aktør byrjar å setje ned drivstoffprisen for å tiltrekkje seg kundar, fortel kommunikasjonssjef Knut Hilmar Hansen i Circle K.
Pumpeprisen låg godt nede på 17-talet ved fleire bensinstasjonar i Oslo-området tidlegare onsdag. Seinare på dagen låg prisane på over 24 kroner fleire plassar.
Sterk konkurranse om kundane
Kommunikasjonssjefen i Circle K seier dei har opplevd sterk konkurranse om drivstoffkundane mange stader.
– Prismedvitne kundar følgjer godt med og nyttar seg av høvet til å fylle opp tanken når prisane er låge.
Hansen utdjupar vidare at prisane kan bli veldig låge dersom konkurransen er stor. Det gjer også at det kan bli store forskjellar på prisen frå kommune til kommune.
Godt synlege
Bensinstasjonane kan ikkje gøyme seg for kundane når dei vil få bilistar inn til stasjonen sin.
– Drivstoffprisen er synleg på godt over 1000 prismaster landet rundt, og er kanskje den mest synlege forbruksprisen i Noreg, seier Hansen.