OGeir Ove Ystmark er administrerande direktør i Sjømat Norge.
Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Sjømat Norge: – Burde ha vore meir audmjuke
Sjømat Norge forsikrar om at dei tek forbrukaruro på alvor, og dei vedgår at dei burde ha vore audmjuke då Forbrukarrådet foreslo ei merkeordning for laksehelsa.
Nyleg var det medieoppslag med bilete av fisk med sårskadar eller store mengder død fisk i merdar. Den siste tida har fleire slike saker lagt press på oppdrettsnæringa. I ei pressemelding seier direktør for havbruk i Sjømat Norge, Jon Arne Grøttum dette;
– Den siste tida har havbruksnæringa vore i søkjelyset på grunn av svært uheldige enkelthendingar. Dette tek vi på høgste alvor.
– VI kjem til å ta initiativ til møte med forbrukarstyresmaktene, Sjømatrådet og Mattilsynet om korleis vi kan auke informasjonen til forbrukarane om fiskehelse og fiskevelferd i norsk havbruksnæring, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark.
Han forsikrar at dei tek både hendingane og korleis dei skapar uro, på alvor. Sjølv om dødsraten i laksenæringa blir stadig lågare, er det alltid ein risiko for kritiske hendingar, held han fram.
Han er positiv til fleire umelde tilsyn i havbruksnæringa, men poengterer også at dei jobbar kontinuerleg med tiltak for å førebyggje at fisken blir smitta av sjukdom.
Det blir også trekt fram at Sjømat Norge meiner det er viktig å vere open rundt fiskehelse og kva tiltak som blir sett i verk.