Høgskulen i Vestland sitt bygg i Haugesund.FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Høgskulen i Vestland sitt bygg i Haugesund.

Ti høgskular kan snart bli universitet

Publisert Sist oppdatert

Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch vil lette på krava for å bli universitetet. Etter 1. januar 2025 kan talet på norske universitet derfor bli dobla.

I slutten av november vart det klart at regjeringa følgjer tilrådinga frå sitt eige ekspertutval og vil fjerne krav om at universitet må ha fire doktorgradsprogram. Det skal også bli langt enklare for vitskaplege høgskular å bli universitet, skriv Khrono.

Nye reglar vil bli sende ut på høyring i løpet av våren, og målet til regjeringa er at dei skal tre i kraft frå 1. januar 2025.

For dei vitskaplege høgskulane Norges idrettshøgskule, Norges musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo, VID vitenskapelige høgskole, Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Molde og MF vitenskakapelig høyskole er det høgaktuelt å bli universitet

I tillegg har dei to statlege høgskulane Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Innlandet uttrykt sine universitetsambisjonar.

Òg den private Høyskolen Kristiania har lenge hatt som ambisjon å bli Noregs første private universitet.

Dermed kan Noreg doble talet på universitet frå dagens ti til meir enn 20 etter 2025.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS